Wednesday, June 6, 2007
SHOPPING CAN BE GOOD # 2 (NORWEGIAN ONLY)
Vi veit alle at dersom vi skal ta vare på miljøet eller sei ifrå om ting vi synes er feil, er det som forbukarar vi best blir høyrt. Å tenke miljø betyr å tenke heilheitleg: korleis maten blir produsert, unngå bruk av kjemi i for eksempel kosmetikk og kroppsprodukt (Dermalogica har for eksempel kun organiske produkt). Det inkluderar óg å vere bevist på korleis kleda vi kjøper er produsert.
Du hugsar kanskje slagordet "Trade, not aid" for eit par år sidan?
Eg vil oppfordre alle lesarar til å lese gjennom nettsida etisk forbruk der du kan finne god og nyttig informasjon om etiske klesmerker, joggesko, mat med meir som blir produsert på måtar som ikkje er øydeleggande for andre menneske eller miljøet.
Ein god tommelfingerregel er å sjå på kva ting kostar. Alt har ein pris, spørsmålet er kven som skal "betale". Er produkta veldig billig er dei som regel ikkje produsert på rett måte (unntak her er for eksempel billigmerka American Apparel som produserar alle varene sine på fabrikken i L.A og Cheap Monday som har streng oppfølging av fabrikkane).
Andre unntak er superbrands som for eksempel Tommy Hilfiger og Nike, som produserar under uetiske omstende, men som likevel har forhaldsvis høg prisprofil.
Billige klede er óg med på å lage ein kjøp og kast mentalitet som verken menneske eller miljø har godt av (bortsett frå dei store kleskjedene som blir søkkrike).
Visste du for eksempel at H&M klede i fleire tilfelle blir produsert av barn og arbeidarar på slavekontrakt? Og at H&M er klar over problemet, men synes at det er viktigare å vere "prisvinnar"?
Dette er grunnen til at eg dei siste åra har prøvd å handle minst mogleg på kjeder som H&M.
Eg har innsett at det er vanskeleg å leve fullstendig etisk og å vere sikker på at alt du kjøper er produsert under gode forhold, men eg vil oppfordre alle til å ta ansvar og tenke gjennom våre valg og kjøp.
I lengda kan akkurat di bevistheit vere med på forandre verda til ein betre plass.
Og sjølvsagt: secondhand rules!
Kom gjerne med tips til etiske merker e.l som du likar!
Eg vil lage ein post på etiske og økologiske merker seinare!
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
14 comments:
Fint at du skrive om dette Birthe. Egentlig ikkje så mye nytt, men greitt å bli minna på det i ny og ne.
Ikkje lenge siden eg leste ein eller aen artikkel i Dagbladet om moteverdenens dobbeltmoral i forhold te å fronta politisk korrekte konsepter som ein slags unskyldning for dyrkelsen av det som lett kan oppfattas som den overfladiske matrialismens høyborg. På mange måder ein fair argumentasjon og et pardoks, i dobbel forstand sådan, i og med at miljøvern e blitt "mote" i det sista. Artikkelen bar imidlertid preg av å ver både politsk korrekte og overfladiske (nok et paradoks!), og eg huske ikkje kem så skreiv an...
Sjøl bidrar eg ved å gå nagen når eg e hjemma.
Moralen er? Kjøp dyrere klær? Eller mindre klær? Hvor mange par sko bør vi begrense oss til? Dette handler vel også om forbruksmengde? Og er Nike og Hilfiger uetiske merker?
Det er vel strengt tatt ikkje så vanskeleg å sjå moralen her? Om du kjøper dyrare klede vil forbruket mest sannsynleg gå ned, all statistikk tyder på dette (og som du kan sjå på etiskforbruk.no som eg har linka til i posten).
Eg har innsett at det er vanskeleg å gi opp forbruket, men eg har erkjent at eg som forbrukar har makt. Dermed kan eg (og andre her i den vestlege verda) vere med på å seie ifrå gjennom vårt forbruk mot forhold som vi ikkje vil ha (feks brot på menneskerettar og miljøforsøpling). Klart det går på forbruksmengde, men her er mitt poeng at det er betre å ha ti økologiske/fair trade t-skjorter enn ti t-skjorter kjøpt på H&M, som nokon kanskje har ofra liv og helse for å produsere. Forbruket/shoppinga vil alltid vere der, iallefall tyder det meste på det, men vi kan faktisk kjøpe ting som ikkje har skada menneske eller miljø under produksjonen.
Det er vel ikkje nytt at Nike er eit uetisk merke, sjølv om dei har blitt betre dei siste åra etter all den negative merksemda dei fekk på produksjonsmåte rundt tusenårsskiftet.
Forøvrig vil eg be deg igjen om å lese gjennom sidene på etiskforbruk.no, mange av dei referansane eg har i posten kjem frå denne sida.
Ja absolutt verdt å tenke på forbruket vårt og hvem som har slitt for å lage klærene vi bruker. Bra innlegg som får oss til å tenke.
Så er vel dette innlegget nok et eksempel på moteverdens dobbeltmoral; en åpenlys stor-forbruker som skriver et 'samvittighets' innlegg. Poenget er vel at en kan klare seg med fem økologisk/fair trade t-skjorter istenfor ti.
Vi er vel alle enige om at det beste hadde vore om forbruket hadde gått ned, uavhengig av om det er økologisk/fair trade eller frå kjeder. Men eg synes det bør vere rom for slike innlegg (spesielt) i ein moteblogg.
Setter pris på signerte kommentarar heretter. Birthe:)
En blogg er en offentlig dagbok, så man må vel få skrive hva man vil. MEN. Når man i 99,99 prosent av postene skriver om hva man MÅ anskaffe seg og hva man absolutt bør løpe og kjøpe med en eneste gang, så blir det litt corny å plutselig snakke alvorlig om hvor fælt jorda vår har det. Det må gå an å se dette paradokset. Alle vet nå at etisk forbruk er viktig for å kunne redde miljøet, men hva skal vi G J Ø R E rent konkret? Det hjelper liksom ikke å ha det i bakhodet når man allikevel drar kortet like ofte (og kanskje oftere) enn før.
Vil påpeike at min blogg er personleg ja, men ikkje privat. Difor synest eg det er rart når folk som ikkje kjenner meg antek ting om meg og mitt liv basert utelukkande på det som står her i bloggen. Eg er veldig interessert i klede og moter og eg samlar på det eg kjøper (utenom H&M-klede, det var denne kastinga av lite brukte H&M-klede som fekk meg til å tenke over at eg synes det var bortkasta for min del å kjøpe mykje klede der + sjølvsagt diverse kunnskap om produksjonsmåte) dette gjer at eg har ganske mykje klede og sko. Mange av desse kleda er secondhand og det går nesten ikkje ein dag utan at eg går med noko som er kjøpt brukt. Grunnen til at eg samlar på klede er på grunn av interessa for dei og det at eg veit at eg vil kunne bruke dei seinare, mote går som kjent i sirklar.
Haldningane i innlegget er meiningar og synspunkt som eg har vore engasjert i i mange år, og eg har fleire gangar før her i bloggen vore kritisk til feks H&M og billige kjeder sine produksjonsmåtar og eg har oppfordra til klimakvoter på reiser. Privat har eg bevist valgt å ikkje ha bil av miljømessige grunnar, heimen min er fylt av brukte møblar, eg kjøper økologisk mat og brukar organisk tannkrem. Mitt svake punkt er forbruk, som har bakgrunn i mi interesse for klede og mote. Mote er som du veit heile tida på søken etter det nye, slik er eg óg.
Intensjonen bak akkurat dette innlegget var å gjere folk merksemd på sida som heiter etiskforbruk.no, då eg veit at det finnast mange som er moteinteressert og samtundes opptatt av å kjøpe klede som er produsert på rett måte (slik som eg sjølv er og eg har hatt god nytte av denne sida i jakt på å gjere dei rette vala når eg kjøper ting).
Om det er eit paradoks synes eg ikkje er poenget her, men eg synes det er interessant å kunne ha ein diskusjon om desse tinga på ein moteblogg, eg synes óg det er heilt på sin plass. Hadde det vore betre å berre pirke i overflata heile tida, og aldri vere innom desse ubehagelege tinga som feks kvar alle desse billige kleda kjem i frå? Hadde du lest gjennom dei fleste postane her i bloggen trur eg du vil sjå at det er lite av vil ha og løp og kjøp, men meir opplysning om kva som skjer og med henvisning til produkt/merker som (så vidt eg veit) er produsert på forsvarlege måtar.
Om du er så opptatt av miljøet burde det vel vere positivt at eg vel bloggen min til å spre haldningar som eg er engasjert i, på tross av mi moteinteresse og forbruk? Kanskje nettopp derfor.
vil bare si at når man er en vanlig fattig student(ja vi fattige) er det ikke så enkelt å tenke etisk altid. jeg resirkulere og gir til fretex og loppis og går og sykler og kaster ikke søppel på gaten.. Men økologisk er dyrt rett og slett og det er allt på pepper også.. skulle så veldig gjerne bare handle der og bare handle økologisk... men jeg har lyst på flere plagg og mer mat for pengene og da blir det bare slik.. AA blir også dyrt i forhold til h&m.. 200 kr for en tee i forhold til 50 er stor forskjell...desverre.. :(
eh..vi ER fattige..hehe
ps. får du alt på pepper for innkjøpspris eller..?
Nei det gjer eg ikkje:) Og innlegget har egentleg ingenting med Pepper å gjere, for å ha det sagt. Tjener ikkje all verda no (faktisk langt under snittet), og har sjølv vore student så eg veit at det er vanskeleg, men for min del så er eg villeg til å prioritere å betale litt ekstra for klede/mat/andre produkt som er etisk produsert. B:)
Har du noen kilder til dette du skriver? Synes det er litt rart at du skriver at HM driver med barnearbeid uten at det har vært framme i media på noen måte. Vet du noe som kanskje vi andre burde visst?
Kjelder til denne saka er blant anna nettsida etiskforbruk.no. Spesifikt på H&M er kjelde ein dokumentar eg såg for eindel år sidan i skulesamanheng produsert av svensk tv1. Det er ingen hemmeligheit at billigkjeder som H&M, Indiska, Vero Moda osv nyttar uetisk arbeidskraft. Problemet er ofte underleverandørane til fabrikkane som ofte er utan kontroll (her snakkar vi mødre og barn som sitt heime med seg sjølv og jobbar) og det finnast óg mange eksempel på arbeidarar som bur på fabrikken nærast utan løn og som jobbar på premissar i strid med menneskerettigheitene.
Det har vore sagt at dersom noko er veldig billig så er det rett og slett for godt til å vere sant (mao det ikkje er produsert på etisk forsvarleg måte).
Det er forøvrig mange ting media ikkje skriv om, for eksempel om dei trur at lesarane ikkje er interessert eller om det ikkje er kommersielt nok. Barnearbeid og H&M (som jo er marknadsleiar i Noreg) kan kanskje vere døme på eit slikt tema.
PS! Det har forresten vore fleire saker som har gått på dette tema den siste tida, óg i forbinding med med co2-produksjon og klede.
Post a Comment